Hjem Turer Turer På flukt
På flukt
torsdag 05. oktober 2006 17:05

Helga 14.-15. Oktober, var speidarar frå mellom andre 1. Storåsen med i rollespelet På Flukt. Ca 50 speidarar frå heile Bergen var med på dette anke vekkande arrangementet.

Helga 14.-15. Okober 2006, er ei helg mange frå mellom anna 1. Storåsen kjem til å hugse i lengre tid. Arnaveit NMU arrangerte denne helga "På Flukt". På "På Flukt" fekk speidarane setje seg inn i korleis det er å være Somaliske flyktningar for eit døgn. Inntrykka var mange og sterke. Dei opplevde mellom anna å bli drevne på flukt, gå gjennom ei overbyråkratisk system på jakt etter papirar og skjema, før dei måtte over ei grense der vaktane mest minna om konsentrasjonsleir vaktar. Der måtte speidarane mellom armhevingar og sit-ups skrika at dei ikkje var verd noko. Til slutt kom dei til Noreg. Der måtte dei gjennom lange ventetimar på Tanum Asylmottak. De mest skremmande med rolle spelet, er at det er realistisk, og at folk dagleg går gjennom det same helvete som deltakarane gjekk gjennom. Alle speidarane hold løpe ut, sjølvom dette var ei tøff oppleving. "Veldig spannande og opplevingsrikt" seier Amalie om saken.